Sommar på Kulturhuset

Tysværtunet Badeanlegg

Det er sommarope i badeanlegget frå 24.6-13.8, og vi har ope onsdag til søndag kl. 12.00 -17.00.
Ein symjebane open onsdag-fredag.

Tysvær kino

Det blir også i år gratis sommarkino for alle!

Uke 26. Onsdag 28.6 til fredag 30/6 Karsten og Petra på tur

Uke 27. Onsdag 5.7 til fredag 7.7 Smurfene: Den hemmelige landsbyen

Uke 28. Onsdag 12.7 til fredag 15.7 Vaiana

Uke 29. Onsdag 19.7 til fredag 21.7 Kjæledyrenes hemmelige liv

Uke 30. Onsdag 26.7 til fredag 28.7 Oppdrag Dory

Uke 31. Onsdag 2.8 til fredag 4/8 Gråtass gir gass

Uke 32. Onsdag 9.8 til fredag 11.8 Richard Storken

Du treng ikkje hente ut billett for å gå på gratis kino, det er berre til å møte opp og gå inn i salen når dørene opnes :)

Tysvær Folkebibliotek

Biblioteket er betent frå kl. 10.00 til 17.00 på kvardagar sommaren igjennom.

Utanom desse tidene er biblioteket ubetent, men du kan både låne og levere på sjølvbeteningsautomaten.

Alle barneskulebarn er velkomen med på den spanande lesekampanjen Sommarles i sommar!

Sjå bibliotekets si facebookside for meir informasjon om sommarles, eller sommarles.no

_
_
_