Badeanlegg

Kom og opplev det kjekkaste badeanlegget på Haugalandet!

I Tysværtunet badeanlegg har vi to basseng, rutsjebane, stupetårn, grotte, badstu, solarium m.m, Det er svært behageleg temperatur i vatnet; ca. 30 grader i det store og ca. 34 grader i barnebassenget. Her er svært godt tilrettelagt for familiar og badande i alle aldrar og med ulike behov.

Det er eigen handikappgarderobe for personar med særskilde behov, og det er montert teleslynge i billettluka.

I billettluka har vi eit bra utval av badetøy, symjebriller, armringar for dei minste osv - alt til gode prisar og i høg kvalitet frå italienske Aquarapid. Du kan også få leige handkle og badetøy.

Vi har låsbare garderobeskåp med 10 kroner i depositum. Hugs at også sko bør låsast inn.

Alt som blir attgløymt blir tatt vare på i ca. 10 veker. Hittegods er tilgjengeleg i opningstida på huset. Verdisaker blir jamnleg levert inn til lensmannen. Ring 52757511 for hittegods.

Det kan vere mykje folk i badeanlegget i helgene, særleg når det er dårleg ver. Dersom kølappsystemet er i bruk henter ein kølapp i billettluka, og du kan vente f.eks i kafeen. For vaksne er det ein god idé å bade i tida 20.00-21.30 onsdag-fredag (gjeld ikkje sommar). Vanlegvis er det då god plass til badande.

Vil du ta med laget ditt, klassen din eller feire bursdag i badeanlegget? Trykk her.

_
_
_