Hygiene og klor

"Kvifor luktar det klor av meg ?"
Klor sikrar god vatnkvalitet. Med rein kropp blir "angrep" av klor på kroppen minimal! Dusj utan tøy og vær nøye med vask før bading, då luktar du og mindre av klor! "Kvifor luktar det klor, når ein badar i klorvatn? Eg vaskar meg jo alltid grundig etterpå!" Dette er et spørsmål mange stiller seg i forhold til korleis dei opplever å bade i vatn med klor i.

Det er mogleg å avgrense lukta - eller fjerne problemet heilt. Men det er opp til deg sjølv, og oppskrifta er enkel:
Om du vaskar kroppen og håret godt og skyl ut all såpa, før du går i bassenget, er mykje gjort. Enkelt, ikkje sant? Kvifor? Klor angrip bakteriar og såperestar, og på ein rein kropp er det lite å angripa. Ein ren kropp får færre og svakare angrep. Klorlukt setter seg ikkje på kroppen og i håret, og då er du også reinare når du går opp av bassenget.

Etter at du har vore i bassenget, er det viktig å skylje seg godt før du bruker såpe igjen. Såpe rett på klorvatn vil skape klorlukt. Du kan gjerne sløyfe såpa heilt. Følgjer du denne enkle oppskrifta, vil du ikkje lukte klor når du har vore i bassenget hos oss.

_
_
_