Regler

Reglar i basseng:
Ein må vere fylt 10 år og kunne symje for å bade åleine, elles må person over 18 år følgje inn til bassenget og passe på.

Vi har eigen handikappgarderobe til bruk for personar med særskilde behov. Ta kontakt i billettluka for å nytte denne.

Frå skulestart bør alle øve på å gå i rett garderobe, og frå ca. 7 års alder må alle bruke rett garderobe av hensyn til andre badegjester. Det er eige omkledningsavlukke i både dame- og herregarderobe.

Hygiene:
Badebleie er påbode i bassenget for barn under 3 år (hygienekrav). Bleie kan kjøpast i badevakta, eller de kan ta med sjølve.

Alle MÅ dusje og vaske kropp og hår med såpe UTAN badetøy før ein går i bassenga.
Bare badetøy er tillate. Plagg på plagg, som shorts med ekstra bukse og bikini/BH med ekstra T- skjorte over, er ikkje lov. Heller ikkje våtdrakter, dette pga hygiene. Hugs å dusje etter badstubesøk.
Dess betre reinsleghet blant publikum, dess mindre bruk av klor i basseng.

Bruk av tyggis og snus er ikkje tillatt i bassenget. Langt hår må festast i strikk/flette eller ein kan bruke badehette.

I vårt badeanlegg er det installert UV-renseanlegg, vi tar prøvar 4 gonger om dagen i bassenga, i tillegg sender vi jamleg inn bakteriprøvar til ekstern kontroll.

Foto/Film i badeanlegget:
Det er foto/film forbod i dusjar og garderobar.

Dersom du ønskjer å ta bilete inne ved bassenget må du ta kontakt med badevaktane først. Vis hensyn til andre badande.

_
_
_