Bursdagsfeiring

Her bestiller du KINO / BADEbursdag, det går også ann å bestille til klassar, lag og foreningar.

Feir bursdagen på Tysværtunet med kinobursdag eller badebursdag.

Kom til dekka bord, ballonger og bursdagskrone til bursdagsbarna, velg mellom ulike menyar og feir bursdag med barnas favoritt aktivitet!

 

Dette er nokre av filmane som kjem på Tysvær Kino framover:

Ekspedisjon Knerten

Jul i Mummidalen

Stjernen

Paddington 2

Star Wars (12 års grense)

NB: Når du fyller inn skjemaet i ein av linkane under sender du oss er ein førespurnad. Tysværtunet Kafé tar  så kontakt for å bekrefte på 404 73 145. Dersom du ikkje finn den filmen eller framsyninga du ønskjer her på nettsida så ta gjerne kontakt! Vanlegvis ligg kinoprogrammet for dei neste 1-2 veken ute.

Du kan feire badebursdag onsdag, torsdag og fredag  kl. 16-20, og kinobursdag alle dagar det er kinoframsyning (sjå kinoprogrammet på nett eller spør oss om film).
Alle må ha same meny, men vi tek sjølvsagt omsyn til eventuelle allergiar. Det går an å ta med eiga bursdagskake.

Denne pakka passer og godt for andre grupper, foreiningar/lag, klasseavslutningar, eller bedrifter.

NB: Ved badebursdag ønskjer me, grunna tryggleiken i bassenget, at det er med minst 1 vaksen per 3-4 barn når dei er under 10 år, og 1 voksen per 5 barn over 10 år.

Dei vaksne som er med ein badebursdag har gratis inngong og kan velje å bade eller vere på kanten og passe på. Det er og ønskjeleg at minst 1 vaksen følgjer med inn i salen på bursdagskino.

 

  

 

_
_
_