Bursdagsfest

Her bestiller du KINO / BADEbursdag.

Inviter gjengen på Kinobursdag!

Tysvær kino fleire gode filmar på programmet: 

Pirates of the Caribbean: Salazar`s Revenge frå 24.05.17

Kaptein Supertruse: Den første episke filmen, frå 09.06.17

Wonder Woman, frå 16.06.17

Transformers: The last knight, frå 23.06.17

Grusomme meg 3, frå 30.06.17

Spider-Man Homecoming, frå 07.07.17

Brannmann Sam: Besøk fra verdensrommer, frå 14.07.17

 

NB: Når du fyller inn skjemaet i ein av linkane under sender du oss er ein førespurnad. Tysværtunet Kafé tar  så kontakt for å bekrefte. Dersom du ikkje finn den filmen eller framsyninga du ønskjer her på nettsida så ta gjerne kontakt! Vanlegvis ligg kinoprogrammet for dei neste 1-2 veken ute.

Du kan feire badebursdag onsdag, torsdag og fredag  kl. 16-20, og kinobursdag alle dagar det er kinoframsyning (sjå kinoprogrammet på nett eller spør oss om film).
Alle må ha same meny, men vi tek sjølvsagt omsyn til eventuelle allergiar. Det går an å ta med eiga bursdagskake.

Denne pakka passer og godt for andre grupper, foreiningar/lag, klasseavslutningar, eller bedrifter.

NB: Ved badebursdag ønskjer me, grunna tryggleiken i bassenget, at det er med minst 1 vaksen per 3-4 barn når dei er under 10 år, og 1 voksen per 5 barn over 10 år.

Dei vaksne som er med ein badebursdag har gratis inngong og kan velje å bade eller vere på kanten og passe på. Det er og ønskjeleg at minst 1 vaksen følgjer med inn i salen på bursdagskino.

 

  

 

_
_
_