LUNSJ konsert-Abstrakt lunsj med MUNOR og Grethe Lunde Øvrebø

Bildekunst basert på maleriets eigne konkrete verkemiddel er oppteken av t.d. tilhøvet mellom flate og form, farganes samspel og heilskapen i komposisjonen, gjerne kalla abstrakt kunst. Nemninga abstrakt vert også brukt i musikken. Ein skiljer gjerne mellom abstrakt musikk (eller absolutt musikk) og såkalla programmusikk som skildrar ikkje-musikalsk innhald som kjensler, landskap eller hendingar. Abstrakt musikk derimot søkjer den «reine musikken». Innanfor bildekunst kan stilen knyttast opp mot nonfigurativ eller konkret kunst. Grethe Lunde Øvrebø, gallerileiar på Haugesund billedgalleri, vil avmystifisere det heile for oss i lunsjen. Hennar oppmoding er: Lytt til fargane og sjå musikken!

Gratis konsert. 

Tysværtunet kafe tilbyr rundstykke og kaffe kr 49,-

Arr. MUNOR og Grethe Lunde Øvrebø ved Haugesund Billedgalleri

Samarbeidspartner: Tysvær Bygdeblad og Haugesund Sparebank 

 

_
_
_