Pulverheksa og vennene hennes

Riksteatret tek med seg Pulverheksa og kjem til Tysværtunet kulturhus.
Velkomen til ei helt ny framsyning med Maj Britt Andersen og alle me kjenner frå Pulverskogen!

Alle gledar seg til det store ballet hos Drømmeprinsen. Men alt er ikkje som det pleier å vere i Pulverskogen. Tyven har blitt sint på Politimannen og vil ikkje vere tjuv lenger. Og Politimannen er sur på Tyven fordi han blir arbeidsledig når ikkje Tyven vil vere tjuv. Ingen av dei vil kome på ball viss den andre kjem. Og Krokodillen gruar seg til vinteren, so han lurer på om han skal flytte til Afrika. 

Alt dette gjer Drømmeprinsen så trist at han ikkje vil vere draumeprins meir. Dessuten er det ein diger, skummel skikkelse som bevegar seg mellom trea og set store fotspor overalt, og som gjer alle redde. Kva er det som skjer i Pulver- skogen? Blir det ikkje fest? Alt var jo så bra i verdas finaste Pulverskog. Kanskje Pulverheksa kan hjelpe? 

Velkommen til ei varm og fargerik forestilling for heile familien. Nok ein gong er det den barnekjære Spellemannpris-vinneren Maj Britt Andersen som spelar Pulverheksa – noko anna ville truleg ha ført til opprør rundt om i landets kulturhus! Og eitt er sikkert: ingen stadar er Pulverheksa meir spill levande enn i teatret! Ein spesiell velkomst til alle små og store troll som skal på teater for aller fyrste gang.

Passar for barn frå 3 år og oppover. 

Forestillingslengde 45 minutt (ingen pause). 

Regissør: Ivar Tindberg

På scena: Maj Britt Andersen, Janne Starup Bønes, Jørn Morstad og Haakon Strøm. 

Arrangør: Riksteatret

 

Kle deg ut som Pulverheksa og vennene hennar.
Når Drømmeprinsen inviterer til ball på slottet, må Pulverheksa og vennenes hennar pynta seg litt ekstra.
Me vonar at også du har lyst å kle deg ut og pynte deg til ball.Velkommen til ball med Pulverheksa.

Billettar til Pulverheksa og vennene hennes

  1. Mån 11. sep kl 18:00 215 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_