Alder er ingen diagnose

Når Sara på 102 bad si kveldsbøn, la ho særleg vekt på: Kome ditt rike, skje din vilje! Men ikkje la det skje ennå! Vent til eg er så trøytt at eg berre har lyst å kvila meg.
Ja, for å vera 106 år - er jo nett som å vera 20, sa fiskarenkja Ida Sofie Hansen frå Gratangen. Og det var ho ikkje åleine om å tenkja.
Alderdomen kan vera vanskeleg, men i desse 40 år eg har vandra med mikrofonen over land og strand, har eg igjen og igjen fått bekrefta at det finaste kan vera igjen når me trur oss ferdige med alt.
Helsemyndigheter og politikarar kan snakka så vakkert dei vil om dei ressursar me eldre representerer, men det er berre me sjølve som har fått eit langt livs erfaring, som kan visa, ikkje minst - den oppveksande generasjonen at det finns ei framtid etter puberteten - som det kan vera spennande å gå imøte.

Åshild Ulstrup, fødd 29. april 1934 i Kvinnherad. Er journalist, forfattar og foredragshaldar. I over 30 år laga ho personintervju i NRK.

Ho er særleg kjend for personintervju i NRK gjennom meir enn 30 år, mellom anna i radioprogramma «Sånn er livet», «På livet laus» og «Middagsstunden».

 

Arrangør  Seniorperler - Eldredager i Tysvær

_
_
_