SKRUK konsert i Nedstrand Kyrkje

Nedstrand Kyrkje 150 år

SKRUK er eit kor basert på Sunnmøre som i over 40 år har vorte dirigert av Per Oddvar Hildre. Dei har sidan starten i 1973 gjeve ut nærmare 30 album. Flesteparten er utgjevne på Kirkelig Kulturverksted. Koret sine rundt 50 songarar er spreidde over heile landet og møtest for øving og konsertar i løpet av året.

Konserten i Nedstrand blir ein flott og variert aCapella (utan instrument) konsert der det blir smykker frå bedehuset,  gospel og spirituals, klassisk kormusikk og meir. Konserten blir som vanleg leia av koret sin inspirerande dirigent, Per Oddvar «Prots» Hildre som har reist i inn- og utland i 40 år og inspirert til korsang og samarbeid over grenser. For dette arbeidet vart han nettopp utnemnd til Riddar av St. Olavs Orden.

Konserten er eit ledd i 150-års feiringa av Nedstrand Kyrkje. Året vil by fleire flotte konsertar og arrangement, mellom anna møte med leiar i Kirkens Nødhjelp, den kjende fengselspresten Cato Christiansen, orgelkonsertar, roots-konsert med lokale artistar og Solveig Leithaug og mykje anna. Vel møtt!

_
_
_