Tom Roger Aadland - trio

Tom Roger Aadland er fortsatt på vegen - og fortsatt på veg!

Rockepoeten Tom Roger Aadland slepper nytt album mars 2018, denne gongen med eigne låtar. Dei som har høyrt det nye materialet seier dette ser ut til å vera Aadland si lysaste plateutgjeving.

Plata er spelt inn med same mannskap som dei to førre kritikarroste albuma "Blondt i blondt" frå 2016 og "Rapport frå eit grensehotell" i 2015: Kjetil Steensnæs - gitar, Tor Egil Kreken - bass, Erlend Dahlen - slagverk og Sigbjørn Apeland - orgel. På konserten stiller Aadland med trio.

 

Det blir servering i Storsalen i frå 1 time før konsertstart.

_
_
_