Tysvær kino

Film kvar helg

Tysvær kino 

Filmvisning kvar helg, fredag til lørdag. Me har valt ei forsiktig, gradvis opning i Koronatid, med fokus på gjeldande smitterverntiltak.

Velkommen inn i kinosalen for magi og underhaldning. Tysvær kino legger til rette for at det skal vera trygt å oppleve film på Tysvær kino.

 

Opningstider

Gradvis opning medfører i første omgang kinovisningar fredag, laurdag og søndag.

Sjekk kinoprogrammet her

Inngang til Tysvær kino er kun via hovuddøra mot Aksdal senter. Huset er ikkje ope for gjennomgang.

 

Billettkjøp

Grunna smittevern ønsker me at flest mogleg kjøper billett på tysvertunet.kulturhus.no eller i e-billett appen. Det er kun kontantlaus, dvs. kortbetaling i billettluka. Som ein del av smittevernrutina er me plikta til å notere ned kontaktinfo på alle som kjøper billett, denne informasjonen vil bli sletta etter 14 dagar.

Billettane er unummererte, dei vil bli skanna på veg inn og du får henvist plass i salen.  

 

Antibac-stasjonar

Me oppfordrar alle til å nytte seg av antibac stasjonane i vestibylen, både på veg inn og ut av kinosalen.

 

Salar

Det blir vist film i både Storsalen og Litlesalen. Tysvær kino forholder seg til begrensningane gitt av myndighetene, samt kravet om 1 meter avstand. Dette betyr annakvar rad og 2 seter imellom kvar kunde. 1 meter gjeld ikkje for personer i same husstand. 

Storsalen maks 50 personer 

Litlesalen maks 15 personer

 

Reinhald

Det er alltid fokus på godt reinhald på Tysvær kino. Det fortsett sjølvsagt i denne tida og frekvensen er auka ytterligare. Salar, kinoseter, toalett og vestibyle blir vaska og desinfisert regelmessig.  

 

Forebygging av smittespredning

Hjelp oss å gjera kinoen til ein trygg plass å vera. Har du luftveissymptomer, feber eller er i karantene, skal du ikkje kommer på Tysvær kino enda, kom når du er heilt frisk! Vidare ber me kinopublikummet om å respektere helsetilsynet sine anbefalingar som forebygger smitte. Ha god håndhygiene og hold 1 meters avstand til dei du ikkje deler husstand med. Les meir her. 

Vær merksam på at me lagrar din kontaktinformasjon i 14 dagar, og at den vil bli delt med kommuneoverlegen ved behov for smittesporing.

 

Kiosk

Kiosken er dessverre ikkje open til kinovisningar enda. Det vil opplyst om når kiosken opnar igjen.

Kontakt oss

booking@tysver.kommune.no, tlf. 52 75 75 00 eller Messenger til Tysværtunet Kulturhus/Tysvær kino.

 

 

Velkommen til Tysvær kino!

 

_
_
_