Åpning utstilling "Maleri" Olav Nygaard og dokumentarfilm visning

Om arrangementet

For nøyaktig 30 år siden hadde Olav Nygaard den aller første utstillingen på et nyopna kulturhus februar 1993. En glede og ære at Olav Nygaard også har en helt ny utstilling på selveste 30 års dagen! Salgsutstillingen vil være åpen på Tysværtunet fra 11.02-26.02.

 

Om utstillingen "Maleri" med Olav Nygaard (Fra Tysvær bygdeblad intervju): 
"Målar Olav Nygaard er utvilsamt Tysvær sin store kunstnar i moderne tid. Han har hatt roller i diverse fora og vore med og sørga for at kunst har fått sin rettmessige plass i kommunen. Tallause utstillingar i både heim- og utland har gitt han eit namn høgt oppe på kunstlistene.
Som 85-åring hadde han eigentleg tenkt å roe ned, gå herlege turar rundt Bongsatjørnet og høyre på musikk. Men slik blei det ikkje".......

"Du har rett i at dei er «endeleg» ferdige. Eg kjenner at eg er blitt ein godt vaksen mann. Det går ikkje like fort med alt eg gjer lengre, men heldigvis har eg framleis klart å jobbe lange dagar, fått motivasjon og funne ro med å lage desse bileta. Og eg er særs nøgd med resultata, seier Nygaard.
Og det har han god grunn til. Fleire av dei er heilt klart blant dei alle beste han har laga, fargerike, og med detaljar som ein kan bruke lang tid på. Nye fargar har komme til, nye kombinasjonar av fargebruk kor farge mot farge speler ei viktig rolle. Det er ein leik mellom det fargerike, det naturlege og det som skal gi sjåaren moglegheit til å tolke sjølv.
– Det er slik mi karriere har vore. At eg klarte å få dette fram også i 2023 er eg litt stolt over. Nå håper eg at folk vil komme og sjå det som blir mi siste utstilling, seier Olav Nygaard"

 

Om dokumentarfilm prosjektet (Fra Tysvær bygdeblad intervju):
" me nå spelt inn omlag 60 timar med film, som skal klippast ned til ein dokumentar som skal vare i 40 minuttar. Den 11. februar skal me vise ein kortversjon på omlag eit kvarter på kulturhuset etter opninga av utstillinga. Den filmen er eg straks klar med.
– Korleis har møte med Nygaard vore?
– Han har mykje spennande å fortelje, men dette er ikkje berre eit historisk dokument, det er like mykje ein film som viser ein kunstnar i arbeid. Arbeidstittelen er «Olav og naturen». Målet er sjølvsagt at dette også kan bli vist på fjernsynet.
– Du har fått komme tett på. Korleis er det?
– Olav har svært mange fine kvalitetar. Då me fann tonen gjekk det meste av seg sjølv. Me hadde ikkje noko fastlåst mål, me ville sjå det litt ann. Det trur eg har vore smart, for me har hatt rom for dei gode opplevingane og dei gode filmtekniske augeblikka. Så blir det min jobb å klippe dette saman til ein film som gir eit spennande og mest mogleg korrekt bilete av eit levd liv som kunstnar."

 

 

Litt om kunstneren Olav Nygaard: Olav er billedkunster, bosatt i Aksdal i Tysvær. Nygaard har hatt separatutstillinger i norske og utenlandske gallerier. Kunstneren har fått oppkalt et av lokalene på Tysværtunet opp etter seg (Nygaardsalen), og flere større verk som en del av utsmykkingen på kulturhuset. 

Han flyttet til Larvik i 1969 og bodde der i 9 år,  han flyttet til Tysvær i 1981. Nygaard er naturmaler. Hans tidligste formspråk var naturalistisk, men i 1960-årene hadde han en periode med til dels sterk abstrahering av motivene. Fra midten av 70-årene nærmet Nygaards´s uttrykksform seg igjen mer det naturgitte utgangspunkt, men var preget av større malerisk frihet. De fleste av hans bilder er inspirert av naturen på Vestlandet, i Lofoten, Finnmarksvidda, og av en rekke besøk på Island og Færøyene.