Jubileumsutstilling og feiring av Lars Musland 100 år

16.02  - Velkommen til feiring av Lars Musland 100 år, kunstmålar og fylkesagronom. 

Tysvær kommune inviterer til markering av 100-års dagen til Lars Musland, i Tysværtunet kulturhus. 

Kl. 13.00 Åpning av kunstutstilling med måleri av Lars Musland, 
               Galleriet 
Kl. 13.30 Festmarkering for Lars Musland i  Nygaardsalen 
                
Servering av mozell, kaffi og noko søtt å bite i.  

Gratis inngang -  ingen billetter.

Kunstutstillingen står til 02.03

Arrangør: Tysvær kommune og Tysværtunet kulturhus

Søndag 16. februar 2025 ville Lars Musland ha blitt 100 år. Han vart fødd i Nedstrand i 1925.  

Med dette jubileet ynskjer Tysvær kommune å feire Musland, både som kunstmålar og fylkesagronom. Han var ein svært populær og produktiv landskapsmålar, og den dag i dag heng det mange «muslandsmåleri» rundt i private heimar og offentlege bygg i Tysvær og elles i Rogaland.  

På jubileumsdagen vil publikum få sjå måleri som er i familien sitt eige. Nokre av desse vil også vere til sals.  Publikum vil og få innblikk i Lars Musland si karriere som fylkesagronom, og som arkitekten bak den populære Muslandløa. På jubileumsdagen vil me møte nokon av dei som har slike løer den dag i dag, og som kan hugse møte med agronom Musland.  

Publisert
01. januar 1970
Skrevet av