Smittevern Covid 19

Smittevernrettleiar Covid-19, Tysværtunet Kulturhus 

Denne rettleiaren gir føringar for leigetakarar av salar/rom på Tysværtunet Kulturhus, om smittevern knytta til viruset Covid-19. Det er Tysvær kommune som er ansvarleg for å sikre at drifta av kulturhuset skjer i samsvar med regelverket for smittevernet. Tysværtunet Kulturhus oppdaterer rettleiar undervegs, for å følgje gjeldande lovverk og krav til ei kvar tid.  

Leigetakar er ansvarleg for å rette seg etter rettleiaren, samt formidle informasjonen vidare til sine gjestar i god tid før ankomst  Tysværtunet. Dette for å sikre at opphaldet på Tysværtunet skjer i samsvar med smittevernrettleiaren. 

Kontakt oss for bestilling av sal  booking@tysver.kommune.no / tlf 52 75 75 00.

Oppfordring til leigetakarar og gjestar

Vær vennleg og ikkje besøk Tysværtunet om du : 

  • Har symptom på forkjøling.
  • Er i karantene.
  • Er i isolasjon.
  • Har mistanke om, eller har fått bekrefta Covid-19.

 NB! Om naudsynt med utgangspunkt i nemnde punkt kan tilsette i administrasjonen ved Tysværtunet be gjester om å forlate Tysværtunet.  

God hygiene 

  • Vask hendene ofte med såpe og vatn.
  • Benytt antibac-stasjonane i vestibylen, både på veg inn og ut av møterom.  Følg Helsedirektoratet sine anbefalingar som førebyggjer smitte.  

Avstand i møtelokale, gangtraséar og fellesareal

Hold minst 1 meter mellom personar.  

  • Unngå for stor personbelastning i vestibylen.
  • Bruk gjerne fellesareal utandørs i pausar.
  • Trange fellesareal bør ikkje brukast til opphald.
  • Personar kan passere kvarandre og vera kortvarig i same område (inntil 15 minuttar) utan vidare smitterisiko.

Bevertning  

Send bestilling til Tysværtunet Kafé og catering post@tkcatering.no/tlf. 40 47 31 45. Kafeen ivaretek smittevern jfr. Norsk Hovedorganisasjon sin smittevernrettleiar, knytta til servering.  Les rettleiar her.  

 

Dette gjer Tysværtunet: 

Lokaler 

Antal personar  i lokala blir bestemt av størrelse på lokalet opp mot  myndigheitene sine føringar om avstandsmål mellom personar. Ved bestilling av rom må leigetakar oppgi antall deltakarar. På leigetidspunktet kan ikkje antallet overstige tillate personvolum i salen. Om det skjer, kan administrasjonen ved Tysværtunet be leigetakar om å bortvise overtallege i salen. 

Ventilasjon i lokala  

  • Auka luftmengde og auka andel av frisk luft i systemet.
  • Tida som ventilasjonsanlegget er i drift er utvida, før og etter

           bruk av sal.  

  • Vindauge vert nytta til utlufting. (Unntak er toalett, pga. undertrykk )

Reinhald 

Kontaktflater i salar, toalett og vestibyle blir vaska og desinfisert etter kvart møte. Reinhaldsrutine blir gjentatt etter kvar omrigg av møtelokale. Vidare blir toalett og kontaktpunkt i vestibyle vaska hyppig undervegs. 

Tilsette ved Tysværtunet Kulturhus 

Tilsette ved Tysværtunet møter ikkje på arbeid ved symptom på Covid-19. Tilsette som blir sjuke på arbeid, forlet arbeidsplassen så snart som råd og informerer leiar snarast. Kulturhusleiar melder til kommunelege dersom den tilsette får bekrefta sjukdom Covid-19.

Kansellering av salsbestilling 

Tysværtunet Kulturhus forbeheld seg retten til å kansellere salsbestilling på kort varsel, dersom Folkehelseinstituttet sine reglar om smittevern tilseier at utleige ikkje kan finne stad.  

Dersom sjukdom oppstår når ein er på Tysværtunet 

Dersom personar blir sjuke når dei er på Tysværtunet må dei forlate huset, og reise heim så snart det er råd. Sjuke personar som blir henta av andre, må vente på eige  rom eller ute der det ikkje er andre. Sjuke personar bør ikkje ta offentleg transport. Sjuke personar bør beskytte munn og nase ved å ta på eit medisinsk munnbind, dersom dei ikkje kan halde 1 meters avstand til andre for å redusere smittespreiing. 

Smittesporing 

Kommunehelsetenesta har ansvar for oppfølging rundt tilfelle med bekrefta covid-19 (smitteoppsporing), og skal varsle arrangør dersom publikum eller tilsette på Tysværtunet får bekrefta covid-19. Det er kommunehelsetenesta som besluttar vidare tiltak og definerer kven som er nærkontaktar til den sjuke og difor skal i karantene (smitteoppsporing), samt om det er behov for informasjon til andre. Leigetakar må difor lagre namn og mobilnummer på sine møtedeltakarar i inntil 10 dagar etter leigeforholdet. Ved sannsynleg eller bekrefta covid-19 gjeld eigne anbefalingar om isolasjon for den sjuke, og karantene for nærkontaktar, sjå www.fhi.no.

Følg Helsedirektoratet sine anbefalingar som førebygger smitte.   

Tysvær kommune covid-19 informasjon

 

 

 

 

Publisert
22. september 2020
Skrevet av