9

Badeanlegg

Kom og opplev det kjekkaste badeanlegget på Haugalandet!

I Tysværtunet badeanlegg har vi 25 meters  basseng, barnebasseng, rutsjebane, stupetårn, "grotte", badstu m.m, Det er svært behageleg temperatur i vatnet; 30 grader i det store og  34 grader i det vesle. Her er svært godt tilrettelagt for familiar og badande i alle aldrar og med ulike behov.

Det er eigen handikappgarderobe for personar med særskilde behov, og det er montert teleslynge i billettluka.

I billettluka har vi eit bra utval av badetøy, symjebriller, armringar for dei minste osv - alt til gode prisar og i høg kvalitet frå italienske Aquarapid. Du kan også få leige handkle og badetøy.

Vi har låsbare garderobeskåp med 10 kroner i depositum. Hugs at også sko bør låsast inn. Vi oppbevarer hittegods i min. 4 veker, ta kontakt i billettluka eller ring 52757511 for hittegods.

Det kan vere mykje besøk i badeanlegget i helgane, særleg når det er dårleg ver. Vi har innslepp til anlegget kontinuerleg, og har ope heilt til kl. 18, så besøk oss gjerne litt utpå dagen!

Vi har eigen svømmetime for vaksne kl. 20.00-21.30 onsdag-fredag utanom skuleferiane. Vaksen svømmetime på fredagane kallar vi Skumringstime. Då dempar vi lyset, setter på musikk og byr på litt frukt og isvatn og ein kan slappe litt ekstra av på veg inn i helga.

Kvar onsdag morgon, utanom i skuleferiane, har vi morgonbading med fokus på svømming i hovudbassenget og avslapping og leik i det minste bassenget. Litt rolegare, og ei fin tid både for å trene og for å bade med dei minste barna. Vi byr også på kaffe/te og isvatn!

Vil du ta med laget ditt, klassen din eller feire bursdag i badeanlegget? Trykk her. 

_
_
_