Hygiene i basseng

Kort fortalt: 
Vask - skyll - bad - skyll!

 Gjer som Reinert: 
1. Vask kroppen og håret godt med såpe. Utan badetøy - slik at såperestar ikkje blir igjen
2. Skyll av såpa
3. Ta på deg badetøy – du er klar for å bade
4. Skyll godt før du brukar såpe igjen etter bassengbesøket. Såpe på klorvatn vil skape klorlukt. 

 At du skal dusje før du hoppar i bassenget er ingen nyheit.

Kvifor er dusjing viktig både for deg og dei andre badande?

Dess fleire som dusjar, dess mindre klor treng vi å tilføre bassenga.
Men også for ditt eige velvære. For ingen av oss likar klorlukt på huden, i håret eller i badetøyet vårt.

Klor angrip bakteriar og såperester, ikkje rein hud og reint hår. Det er derfor det er viktig å dusje naken, vaske både kropp og hår med såpe, og skylle såpa godt ut. Viktig å dusje utan badetøy, for å sleppe at såperestar blir igjen i tøyet og angripes av klor. Difor er det å bade med boxershorts er ein uting. Så viss du eller nokon du kjenner brukar å ha boxeren på i badet – gje beskjed om å droppe boxeren neste gong (men behold badeshortsen!) - både for å halde bakterier borte frå bassenget, men også for å sleppe klorlukt på eigen kropp og i eigne klær.

Etter at du har vore i bassenget, er det viktig at du skyller deg godt før du evt. brukar såpe igjen. Såpe på klorvatn vil nemleg skape klorlukt. 

Velkommen til ein luktfri badeopplevelse!

 

_
_
_