Hygiene i bassenget

DUSJ FØR DU GÅR I BASSENGET!

Kort fortalt: 
Vask - skyll - bad - skyll!

 

Gjer som Reinert: 

1. Vask kroppen og håret godt med såpe. Utan badetøy - slik at såperestar ikkje blir igjen.

2. Skyll ut all såpa.

3. Ta pa° deg badetøy – og du er klar for å bade!

4. Skyll godt før du brukar såpe igjen etter bassengbesøket. Såpe på klorvatn vil skape klorlukt. Du kan gjerne sløyfe såpa etter badet.

 

At du skal dusje før du hoppar i bassenget er ingen nyheit.

Men du kjenner kanskje ikkje til årsaken til kvifor dette er viktig både for deg og dei andre badande?

Den eine grunnen er at jo fleire som dusjar, jo mindre klor treng vi å tilføre bassenga.
Men den andre grunnen er for ditt eige velvære. For ingen av oss likar klorlukt på huden, i håret eller i badetøyet vårt.

Derfor skal du få følgande aha-oppleving av oss no: Klor angrip bakteriar og såperester, ikkje rein hud og reint hår! Det er derfor det er viktig å dusje naken, vaske både kropp og hår med såpe, og skylle såpa godt ut. Og det er viktig å dusje utan badetøy, for å sleppe at såperestar blir igjen i tøyet og angripes av klor. Med denne kunnskapen skjønner du sikkert kvifor det å bade med boxershorts er ein uting. Så viss du eller nokon du kjenner brukar å ha boxeren på i badet – gje beskjed om å droppe boxeren neste gong (men behold badeshortsen!) - både for å halde bakterier borte frå bassenget, men også for å sleppe klorlukt på eigen kropp og i eigne klær.

Etter at du har vore i bassenget, er det viktig at du skyller deg godt før du evt. brukar såpe igjen. Såpe på klorvatn vil nemleg skape klorlukt. Du kan faktisk sløyfe såps heilt etter badet, og vi anbefaler alle våre besøkande til å prøve dette sjølv.

Velkommen til ein luktfri badeopplevelse!

 

_
_
_