bLEST Kari Veiteberg: Tru- håp og livsmot når det røyner på

Om arrangementet

Tru- håp og livsmot når det røyner på

Kva vil det seie å tru i vår tid? «Mi tru dreier seg om noko heilt konkret. Tru er noko eg gjer - eg tenner lys, nynnar til salmar, feirar høgtider - ofte saman med andre.» Det skriv tidelegare biskop i Oslo, Kari Veiteberg, i si kloke og tankevekkande bok om tru, håp og livsmot.

Tru handlar om dei praktiske og sanselege sidene ved kristentrua. Søndagsgudstenesta med bøn og salmar. Dei store kyrkjeromma. Dåp, bryllaup og gravferd. Rituala og tradisjonen kan være noko å støtte seg til, og dei er ramma rundt eit fellesskap som kan bære både deg og håpet. Kanskje er tru og håp to sider av same sak? I dette foredraget,- som tar utgongspunkt i boka, deler den folkekjære presten sine tankar og erfaringar frå ei tid prega av terror og grusomme krigshandlingar, men heile vegen også med håpet og trua som faste haldepunkt.

Foto: Agnete Brun