bLEST Kjartan Fløgstad: LIVET SOM INNSATS

Om arrangementet

Kjartan Fløgstad er tilbake. Denne gongen med ein sjølvbiografisk oppvekstroman der store delar av handlinga går føre seg i etterkrigstidens Sauda. Boka gir ei personleg, varm og leikande skildring av eit viktig kapittel i norsk arbeidarhistorie.

Den som går med livet i neven, står alltid i fare for å mista det. I fabrikkbyen tar far deg i handa, leier deg opp gjennom røyken og skyene og viser deg himmelen. Med strikkepinnar mellom hendene diktar mor di vakre og fargesprakande kofter i heimelaga ullgarn. 

Utan snø i unnarennet står ein flokk smågutar på hoppkanten ut i livet. Eimen av heimen blandar seg med lukta av fjellgras og nyskore tømmer, av manganrøyken frå smelteverket. Å gå gjennom portvakta inn til fabrikken er opninga ut mot den store verda. 

Livet som innsats handlar om den farlege tida som går, og om pulsen på handa som slår. Om å ta språket i bruk for å dikta dagen og vegen nokre timar lenger, når det er på sin plass. I landskapet der den berrføtte gutungen i første kapittel i Dalen Portland sprang heimanfrå og inn i litteraturen. 

Foto: Pål Smørvik