bLEST Lesing på liv og død - Et laivsjov med Linda Eide & Janne Drangsholt
Billetter
Om arrangementet
Et laivsjov med Linda Eide & Janne Drangsholt
Litteraturen er viktig, det gjer den også farleg. Men kor farleg, og kven går det eigentleg ut over?
Dette kan fort bli eit tema når Linda Eide byr inn Janne Stigen Drangsholt til ein fabulerande time om litteraturens vesen, om lesing, løping, snakking, tolking og speling (blokkfløytealarm!). Vi lovar ein kveld med humor og overraskingar når desse to kunnskapsrike damene møtest på scenen i Tysværtunet kulturhus.
Linda Eide er kjend for heile det norske folket gjennom sine språksjov og underhaldningsprogram på NRK. Janne Drangsholt er litteraturforskar og professor i engelsk ved Universitetet i Stavanger. Dei er begge forfattarar og har gitt ut ei rekkje bøker.
Velkomen til ein samtale som blir til mens praten går.
Afternoon tea og show
- Kl. 17.30: servering av klassisk Afternoon Tea hos GP Café på Tysværtunet. Meny: Sandwiches, scones, kaker, te, kaffe og musserrende vin (alkoholfri)
Påmelding ved å velge Afternoon Tea og show i gul billettboks over. Ledsagerbevis kan ikkje nyttast på Afternoon Tea.
