FØRPREMIERE: Jul på Kutoppen show

Om arrangementet

Eit skinande stjerneshow med Klara og vener! Bømlo Teater, Bømlo kulturhus, Tysværtunet kulturhus og Dyreparken i Kristiansand presenterer «Jul på Kutoppen» som årets juleproduksjon! For første gong kan ein oppleve ei heil framsyning med Klara, Mosk og Gaute utanfor Dyreparken i Kristiansand, saman med eit ensemble av born frå Bømlo Teater. Kom og sjå dei kjente figurane og høyr musikken frå Kutoppen – her blir det song og dans og julestemning for heile familien!