Mimir Kristijanson: Mamma er trygda

Om arrangementet

I den rørande boka «Mamma er trygda» fortel Mímir Kristjánsson historien om si sjuke mor, og set søkelyset på korleis samfunnet behandlar dei som er sjuke, hjelpelause og utslitne. Og skammen som ofte følger med det å «gå på NAV». Men kvifor skal det vere skamfullt å ta imot hjelp?

"Mamma er trygda" er både ei  rystande familiehistorie og ei innsideskildring av ei samfunnsgruppe som ofte vert omtala, men som sjeldan kjem til orde sjølv.

Bok fekk terningkast 6 i Dagbladet: «Rørende og politisk om det totale utenforskap (...) Teksten balanserer djervt på linjen mellom det utleverende og det kjærlige.»

 

Arr er støtta av Fritt Ord og er gratis.

Billett til arrangementet må hentast ut før ankomst, enten på nett eller på biblioteket.

Vær vennleg og ikkje besøk Tysværtunet Kulturhus om du:

  • Har symptom på forkjøling/influensa
  • Har mistanke om eller har fått bekrefta Covid-19.
  • Er i karantene eller i isolasjon

Kontakt booking@tysver.kommune.no/52 75 75 00 i forkant av arrangementet du har billetter til,  for evt annulering av billetter,  om du blir forhindra i å komme pga. sjukdom.