Muntre historier fra telebransjen
Billetter
Om arrangementet
Boklansering med eit smil!
Godtfred Myklebust har jobba 45 år i telebransjen, og når han vart pensjonist, og dessutan garden han budde på seld, hadde han mykje tid til overs,- og den fylte han med å skrive. Nå har det blitt ei mimrebok med gode historier frå eit langt arbeidsliv, der det er plass for både skjemt og alvor. Dette er ei samling mellommenneskelege forteljingar som framkallar smil og god stemning. Velkommen til bokpresentasjon med gode historier i biblioteket, og høve til å kjøpe boka i etterkant. Kaffi og litt søtt. Arrangementet er gratis.
