1

Aggressive sting

Lyst på litt aggressiv pynt i stova? Lær deg geriljabrodering!

Når ‘nok er nok’ så er kanskje det å utbrodere livet sine små og store frustrasjoner akkurat det du treng. Eit par timar med nål og tråd, og du er forfriska og klar for kamp!

Her blir søte korstingsbroderi kopla saman med ein småfrekk tekst som garantert er frigjerande å sy. I geriljabroderi er ein ikkje så oppteken av teknikk, men av å brodere det ein sjølv føler for. Dette kan alle få til!

Inger Hølland Grottvik frå Garnkroa har med seg stoff, nål og tråd, og du får inspirasjon til å teikne og sy ditt eige bilete. 

 

Arrangør: Tysvær Bibliotek  

_
_
_