2

i samarbeid med LHL Tysvær og Bokn Berit Nordstrand - Tarmens Medisin

Berit Nordstrand kjem til Tysvær med det populære foredraget "Tarmens Medisin".
Foredraget er basert på boka hennar "Tarmens medisin"

Berit Nordstrand er lege, spesialist i klinisk farmakologi, i rus- og avhengighetsmedisin og kognitiv terapi. Berit har skrive ei rekkje bøker om kosthald og helse, og er også kjend frå konseptet Bra godt på TV2, ein 6 trinns metode til sunn tarm, friskare kropp og eit klart hovud.
Denne kvelden gir  Nordstrand råd om nye kosthaldsvanar og betra tarmfunksjon. Foredraget er basert på den nyaste boka hennar "Tarmens Medisin", der ho tek opp ulike tema knytt til energi og overskott i kvardagen. Eit bra kosthald betrar opptaket av næring, reduserer opptak av kaloriar, dempar betennelsar, styrkar og stabiliserer immunforsvaret, gir lettare sinnsstemning og betrar nattesøvnen.

Nordstrand inspirerer til metodar som sikrar friskare kropp og styrkar hjernen vår, samtidig som nye matvanar tar vare på miljøet. 

LHL Tysvær og Bokn er arrangør av denne kvelden saman med Berit Nordstrand.

Det blir stands i vestibylen samt boksal og signering ved Berit Nordstrand i pausen og etter foredraget. 

Program for kvelden:
Kl. 18 Lett tapasbuffet og stands, Vestibylen
Kl. 19 Tarmens medisin - Berit Nordstrand , Storsalen 
Kl. 20 Pause med boksal og boksignering, Vestibylen  
Kl. 20.30 Foredrag med Nordstrand fortsetter, Storsalen 
Kl. 21.30 Takk for nå, boksal og boksignering, Vestibyle

  

  

Billettar til Berit Nordstrand - Tarmens Medisin

  1. Ons 16. okt kl 18:00 Storsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_