bLEST: Himmelhamn og Walgermo

Bandet Himmelhamn måtte søke bakover for å finne fram – og gamle salmebøker inspirerte Vigleik Winje til å skrive ny musikk til gamle tekstar. Bak støv og utilgjengelege skrifttypar fant han radikale tekster om mennesket og Gud. Her var det få snarveier, og tekstene handterer spennet mellom uro og fred, håp og fortviling, frelse og fortaping på et vis som kjennest ekte. Himmelhamn har eit sterkt melodifokus som vert formidla i et organisk og nært uttrykk. Musikken spenner frå enkle singer songwriter melodier til meir sfæriske arrangement. 

Himmelhamn : 

Vigleik Winje: Vokal, akustisk gitar, el-gitar & metallofon. Hanne Undheim Askeland: Vokal: Jarle Kristoffersen: Cello. Torleiv Fossum: Banjo, pedal steel, akustisk gitar & el-gitar. Kjell Magne Fauskanger: Bass

Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har med boka Ein røff guide til bibelen, skrive ei kunnskapsrik og lett tilgjengeleg innføring i Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Boka er laga både for dei som treng ei oppfrisking av bibelkunnskapane sine, og for dei som knapt har sett i ein bibel, men som føler at dei går glipp av noko viktig.
Walgermo er også aktuell med boka Du som er i himmelen (Samlaget) i starten av november.

_
_
_