2

bLEST: Ordet og tonen.

- Eit møte mellom Morten Salvesen og Embla.

For nøyaktig 10 år sidan gav bandet Embla ut si fyrste plate «Når englane danse» der dei tolka tekstane til Morten Salvesen musikalsk. No møtest dei att for å prate og synge seg gjennom nokre av tekstane og melodiane.

Kva er historia bak ein tekst? Korleis tenkjer ein når ein skal setje tonar til orda? Og er det skilnad på den leste teksten og den same teksten som ord i ein melodi?
Denne kvelden møtest tekstane til Morten og melodiane til Embla i ein uhøgtideleg intimkonsert på Verkstaden Selskapslokale. Gjennom små forteljingar, litt drøs og mange fine musikalske augneblinkar inviterer vi til ein hyggeleg og kanskje litt annleis konsert.

 

Adressa til Verkstaden er Tysværvegen 536, Rønnevik, 5570 Aksdal, tlf 92059180.

Om du ønsker å gjera litt meir ut av kvelden, kan du bestille deilig kyllingsuppe m/brød og kaffi saman med konsertbilletten.

Dørene åpner kl. 19.00.

 

Få meir informasjon om bLEST litteraturfest på nettsida.

Følg oss gjerne på Facebook og få siste nytt først!

_
_
_