1

bLEST: Per Arne Dahl: Sårbarhetens kraft.

- Er det rom for sårbarhet i ei verd der det ofte er den sterkaste som trekk det lengste strået?

Per Arne Dahl si nye bok Sårbarhetens  kraft er ei klok og varm bok om korleis sårbarhet kan gi ny stryke. Boka er allmenn, men også svært personleg. Gjennom heile livet har Per Arne Dahl lytta til menneske som har det vanskeleg. Då Tunsberg-biskopen ein sommardag for tre år sidan vakna med tinnitus og døvhet, fekk han sjølv erfare det å vere sårbar.

I boken Sårbarhetens kraft beskriv han korleis vi alle vert merkte av livet og at vi slett ikkje har kontroll. Den folkekjære forfattaren skriv truverdig og nært om korleis me kan leve med det vonde ingen ser.

Det krever mot å vise sårbarhet, og det er viktig korleis me hjelper kvarandre når det røyner på.

Sårbarhet er ikkje svakhet, understreker Per Arne Dahl, men kan gjere oss sterkare og klokare. Men han kjem også med ei åtvaring:  Pass deg så ikkje sårbarheten blir brukt mot deg av kyniske og ufølsomme menneske.

 

Dahl har tidlegare utgitt ei rekke bøker som har seld i store opplag. I denne boka framstår den tidlegare biskopen, stortingspresten og leiaren frå Modum Bad som sjelesørgar for folk flest.

 

 

Arr: Arrangør: Nedstrand kyrkjeforum i samarbeid med bLEST Litteraturfest

 

Få meir informasjon om bLEST litteraturfest på nettsida.

Følg oss gjerne på Facebook og få siste nytt først!

_
_
_