2

bLEST: Reis med globetrotteren Gunnar Garfors.

- Ei spanande, humoristisk og lærerik reise til verdas minst besøkte land.

Gunnar Garfors er verdens mest bereiste person, kjent for å ha besøkt alle verdas land fleire gonger. På sine turar har han møtt menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Når Garfors er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er. I boka Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Med ein solid dose empati, ei bøtte med sjølvironi og omfattande kunnskap har han vevd opplevingane sine saman til ei lett, men ikkje lettvint, bok som har fått strålande kritikkar. Frå scena tek han oss med på ei ujålete og ofte humoristisk reise, men kanskje må du også hente fram lommetørkleet. Garfors streifar trass alt innom både stillehavsøyer og krigsherja land.   

 

Skal du på fleire av bLEST arrangementa lørdag 09. november? Kjøp bLEST lørdagspass!

Under 18 år? Du kommer gratis inn på alle bLEST-arrangement på Tysværtunet på lørdag. Husk å ta ut en gratisbillett i billettluka.

 

Få meir informasjon om bLEST litteraturfest på nettsida.

Følg oss gjerne på Facebook og få siste nytt først!

_
_
_