1

Hanne Krogh konsert

Ho har swinga med Bobbysocks og rocka med Just4Fun. Ho gler oss med treffsikre tekstar, sjarmerer med Prøysen og lyser blant våre fremste julestjerner. Nå kjem Hanne heim til sine eigne - med ein nær og varm 
konsert skreddarsydd for anledninga. Ho elskar å synge, men seier sjølv at ho er vel så glad i orda som i musikken. Hanne Krogh si styrke ligg nettopp i hennar evne til å formidle. Ikkje mange norske artistar kan måle seg med ho når det gjeld å trollbinde publikum. Gjennom humor og kunnskap tek ho oss med inn i ei verd av song og historier på ei slik måte at me lever med og sitter igjen med latter og med verdifulle opplevingar og ettertanke.

Gjestekor: Boknakoret og Aksang

Billett kr. 150 inkl lett servering. 

Kl. 12.00 Gratis servering kaka, frukt og kaffe.

Arrangør: Seniorperler ved Tysvær Kommune.

   

 

 

 

 

 

_
_
_