1

Kari Hilde Hodne French: Dødsdømt i Kongo

11. mai 2009 får Kari Hilde Hodne French ein telefon som endrar livet hennar. Sonen Joshua er fengsla i Kongo saman med kompanjong Tjostolv Moland. I same augneblink startar ein lang og utmattande kamp for å få dei to nordmennene fri. 

Høyr Kari Hilde Hodne French si sterke historie om korleis ho snur fortviling til aktiv handling. Dette fører henne til både rettssalar og fengsel, og til møte med støttespelarar, byråkrati og maktpersonar av alle slag.

Joshua French vart sett fri 16. mai 2017, etter åtte lange år. Utan Kari Hilde French sin innsats er det uvisst om sonen ville overlevd. Kom og høyr ei sterk historie om mot, om å overleve under press, og om grenselaus morskjærleik. 

French blir intervjua av redaktør i Tysvær Bygdeblad Alf-Einar Kvalavåg. 

Det vert boksal og signering etter føredraget.

 

Følg Tysvær Folkebibliotek på Facebook!

_
_
_