3

Haugesund Teater presenterer KORPS av Knut Nærum

Premiere framsyning på Tysværtunet Kulturhus.

Silje spelar klarinett. Emil spelar baryton. 

Emil: "Du veit, når dei snakkar om kjærleik ved fyrste blikk? Det var det ikkje"

Det er ikkje berre Silje og Emil som blir kjend via korpset. På dugnad treffes foreldre og naboar, om dei vil eller ikkje. I ein smeltedigel av følelsar, nostalgi, personleg agenda og mykje engasjement blir me kjend med alle dei som gjer korps til korps. Me blir og kjend med drivkreftene i frivillighets Noreg. Korps er ei teaterframsyning som hyllar korpslivet i bygd og by.

Knut Nærums sin Ibsenpris nominerte tekst er full av varme og humor. Den gir kvart enkelt korps sjansen til å skinna på scena i møte med to eminente skodespelerar. 

 

Framsyninga er originalt produsert av Teater Innlandet og er eit samarbeid med Haugesund Teater og Den Nationale Scene, Bergen 

På scena: Henrik Bjelland og Ameli Isungset Agbota

62 lokale korpsmusikanter i Tysvær: Frakkagjerd Skolekorps, Førland Skulemusikkorps,  Grinde Skulemusikkorps og Kolnes Skolekorps (Karmøy) 

Regi: Janne Langaas   Manus: Knut Nærum   Scenografi: Kristin Bengtson   Lysdesign: Kåre Nordseth

Billettrabatt: Korpsmusikanter får kjøpe inntil 2 billetter til redusert pris kr. 175,- pr billett / Grupperabatt minimum 4 eller fleire kr. 285,- pr billett. 

 

Følg arrangementet på Facebook.

 

 

_
_
_