Lunsjkonsert - Mystisk og melankolsk

Lunsjkonsert medv. Helge Martin Framnes, bandet Rags&Feathers og Munor.

 

Munor hadde eigen tributekonsert til Leonard Cohen saman med  Helge Martin Framnes, Anita Helgeland, Tom Roger Aadland og Wholy Martin sist juni. I Munor si jubileumsbok har den konserten fått breid dekning. Ideen om ein lunsjkonsert i Cohen sin ande der også boka kjem i fokus, dukka opp i samarbeid med Tysvær bygdeblad.

I tillegg har vi kome i kontakt med folkbandgruppa Rags & Feathers. Navnet tar dei fra Cohens vakre sang «Suzanne», der tvillingane Kjersti  og Rønnaug Tingelstad er «feathers» og Oddbjørn Austevik er «rags». I desember fekk dei ein av Karmøy kommune sine kulturstipend for Cohenarbeidet sitt. Vi slår oss saman i Cohens mystiske og melankolske musikk.

Det vert også høve til å møte Edgar G. Bachel, fotografen bak Munorboka.

Gratis entrè.

Fb arr.  

 

 

Lunsjkonserter denne våren.  

 27.04 Bokn og Havresekkane

11.05 Brørne Berge og Olav Ohm

15.06.18 Maria S. Jakobsen 

Samarbeidspartner: Tysvær Bygdeblad

 

_
_
_