1

Nå er det din tur! Moa Hundseid mfl.

Mange unge vel i dag å bruke tid på å reise, eller å ta deler av utdanninga i utlandet. Kanskje er det noko som fristar deg og? Denne kvelden kan både ungdom og vaksne bli inspirert av dei som har gjort det allerede!

Moa Hundseid (25) frå Vikedal er eventyrar og polarguide. Ho har vore på mange ekspedisjonar, og i mai 2018 vart ho Noregs yngste kvinne på Mount Everest. Ho beskriv seg sjølv som ei fri sjel, som har det aller best ute på tur.

Tineke Lothe (22) studerer i London, og brukar elles ledig tid til å reise. Heile 55 land har ho besøkt allerede. Ho har delteke i frivillig arbeid, blitt kjent med mange menneske og kulturar, og tenkjer på reisene og opplevingane som ein del av utdanninga si.

Vegard Sternhoff (21) og Stine Kirketeig (20) er eit ungt par som gjerne ville sjå verda saman. Dei sparte pengar, og realiserte draumereisa våren 2018. Det vart tre spennande månadar på tur,med mange opplevingar og bloggskriving undervegs.

Arrangementet er støtta av Fritt Ord.

Arrangør: Tysvær bibliotek
Gratis.

_
_
_