5

Riksteatret presenterar Svar på brev frå Helga

 

Korleis hadde livet blitt dersom du hadde følgt den store kjærleiken? Helge Jordal har rolla som den stolte sauebonden Bjarne. Livet hans går mot slutten, men før han kan legge ut på den siste reisa må han gå i møte med seg sjølv, dei vala han tok, det livet han levde og det livet han ikkje turte leve. Det blir ei saftig framsyning om intens kjærleik og livskamp, dampande erotiske minne blanda med svart humor og historier om gøymde lik, lågføtte værar og dagen då Farmall - traktoren kom.

Svar på brev frå Helga er ei gripande historie om moden kjærleik - om ein lidenskap som blir bestemmande for to menneskes liv, og som føder eit sakn dei to tek med seg inn i døden. Dette er Romeo og Julie for vaksne.

Lengd: 1t30min (ingen pause).

På scena: Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen


Regissør: Stig Amdam, Kostymedesigner, Scenograf: Åse Hegrenes, Videodesigner, Lysdesigner: Einar Bjarkø, Dramaturg: Solrun Toft og Produsent: Emnet Kebreab

Basert på boka av Bergsveinn Birgisson. Oversatt av Johannes Gjerdåker. Dramatisert av Stig Amdam.

 

Produsert av Hordaland Teater, på turné med Riksteatret.

Produsert etter avtale med Teaterforlaget Songbird AS.

Dagbladet: «Svar på brev frå Helga beveger og morer. Rørende om savn» 

Sjå og høyr kommentar frå begeistra publikum som har sett "Svar på brev frå Helga":  her 

 

 

Gjer kvelden ekstra god med tapasbuffe frå Tysværtunet Kafè for framsyninga.

Den kan du bestille her!

--

 

 Sagt om boka:

 "En oppsiktsvekkende god bok (…) Språket sitrer av begjær. Uforløst begjær - og lengsel."
Dagbladet, 5

 "Full av følelser og tanker om menneskelivet"
VG, 5

 "Vakker brevkunst"
Aftenposten

 "Det skal godt gjøres ikke å like denne boken, en sann diamant"
Vinduet

 "Årets beste bok. Har du ikke lest denne boken, så har du gått glipp av noe virkelig stort" 
Bokdama Anette Garpestad
 
"Eg tar meg sjeldan tid til å lese ei bok fleire gonger, men denne vesle perla av ein roman har eg nett tatt fram og lese om att. Romanen er klok og humoristisk og samstundes så trist og tankefull."
Anne Merete Hegrenes, Bergen offentlige bibliotek

 --

 NB! Neste Riksteaterforestilling er 17/10 "Liv" Et møte med Liv Ullmann 

 

 

 

 

_
_
_