bLEST Syftestad gard møter Duedalen gard
Billetter
Om arrangementet
Inspirasjon og kvardagsvisdom frå eit småbruksliv
Drøymer du om eit liv med meir mening og mindre støy?
Lise Marit Syftestad og Martin Litwicki fulgte draumen, la bak seg storbyen og satsa på eit jordnært småbruksliv i hjarta av Telemark, -heilt utan gardserfaring. Nå har dei skrive bok om prosessen, og kjem til bLEST for å fortelje historia om å bygge ein heim og eit heilt nytt liv frå botn av.
Historier om alt frå fra geitefødslar, dyrking og økonomi blir fortalt med humor og varme. Historier som gir verdifull innsikt i fellesskap, verdiar og kunsten å finna ro i det uperfekte.
Lise Marit og Martin viser at det går an å leve annerleis, så om du er ein av dei som lengtar etter eit enklare, grønnare liv, søker inspirasjon og kvardagsvisdom, har ein draum du vil følge, eller berre ynskjer å la deg inspirere til ein ny måte å sjå livet på er dette ein kveld for deg!
______________________
Arrangementet er lagt til vakre Duedalen gard i Nedstrand, der Elisabeth og Johnny Aksland har fulgt sine draumar og skapt både arbeidsplass og livskvalitet for familien sin. Den store, fine gardsbutikken opna i desember -25, og har du ikkje vore der ennå er den verdt turen i seg sjølv!
Det blir open butikk før og etter foredraget.
